Museum
Om Ljosheim

Ljosheim. Smak på namnet: Ljosheim. Namnet spelar på to ting. Fyrst lys. Det som er opplyst, synleg, tilgjengeleg og klart. Og så heim. Tilhøyrsle, tryggleik, det konstante som ein reiser frå og kjem tilbake til. Ljosheim. Det er som ein har vilja femna om alt som er godt då ein valde det som namn på ungdomshuset i Eksingedalen.

↑ Jørn Øyrehagen Sunde (Helsingsord i boka Drivkraft i Eksingedalen)

Historia til huset og lagsarbeidet speglar livet i eit heilt bygdesamfunn. Grendahuset Ljosheim har utan samanlikning vore den mest brukte samlingsstaden i heile Eksingedalen.

Ljosheim har vore brukt til frilyndt arbeid, til boksamling og bibliotek, til barnehage, gudsteneste og til møte med emne som femner vidt. Her har det vore skodespel, konsertar, festar og feiringar. Lagsbladet til ungdomslaget, Dølen, dokumenterer dette, frå huset stod ferdig i 1897, og slik er det også i dag.

I 2024, med alderen 127 år, er Ljosheim i sin beste stand nokosinne. Grendahuset gjev ei staseleg og høgtideleg ramme for dei store markeringane i livet, og for møte, diskusjonar, alvor og underhaldning.

Utleige

Grendahuset Ljosheim kan leigast både av bygdefolk og andre. Her er internett, projektor, lerret, kjøkken og dekkeutstyr til 120 personar. Kontakt for utleige: Aud Marit Brønstad Bergo: 915 89 342

Drivkraft i Eksingedalen

Ungdomsrørsla vaknar og Ljosheim veks fram. I denne boka inviterer me til eit møte med folket og ungdomsrørsla i Eksingedalen. Sentralt står ungdomshuset Ljosheim som ein viktig samlingsstad. For å finna svar på korleis ungdomslagsrørsla vakna og Ljosheim vaks fram, har me dukka ned i historia og det rikhaldige kjeldematerialet.

Boka er fylt med historiske skattar, dugnadsånd, kunnskapstørst og fridomstrong. Huset, som vart reist i 1897, kom til å få mykje å seia for den vidare sosiale, kulturelle og samfunnsmessige utviklinga i dalen.

Boka kostar 390,- og kan kjøpast lokalt i Eksingedalen, og i bokhandlar på Voss og Dale. Kan også bestillast hjå Grendahuset Ljosheim. Kontakt: Anna S Bergo, 480 24 522

Skul-Anna gensar, Dølen, Knytingen og småstrikk.

I samband med 125-års jubileumet til Ljosheim i november 2022, vart dei kvinnelege kunstnarane som har smykka ut Ljosheim med tekstilar og treskjering henta fram att i lyset.

Anna K. Flatekval (1878-1966) har verkeleg sett sitt preg på interiøret i Ljosheim, gjennom sine vakre vevnader. Det første sceneteppet og åkleda som framleis heng oppunder takstolane i gamlesalen i Ljosheim, har inspirert til strikkemønster.

«Vevroseborda» frå sceneteppet har fått plass i alle mønstra. Anna K. Flatekval vart kalla for «ho Skul-Anna», fordi ho var gift med «Flakolsskulen», læraren i bygda. Genserane har fått namn etter Skul-Anna.

Strikkepakker: 
- Skul-Anna genser, etter Skul-Anna.
- Dølen, etter lagsbladet.
- Knytingen, barnegenser, også eit lagsblad.
- Småstrikk, panneband og vottar.

Både boka og strikkeplagga har fargane etter det første sceneteppet. Strikkepakker er å få kjøpt lokalt i Eksingedalen og kan bestillast.