Festen var i 1897, fleire år etter at vegen var komme til garden. Vegarbeidet tok til oppover Eksingedalen våren 1888, frå Eidsland.
1890 kom vegen til Høvik, i 1894 til Lavik. På 6 år hadde dei bygd 23 kilometer veg. Etter dette tok det 15 år med dei neste 4 kilometrane. Arbeidet stod først i ro på Lavik i 11 år før dei starta på att. I åra 1905 - 1909 arbeidde dei seg frå Lavik og oppover Botnabrekkene. På Fosse stod arbeidet stilt i 11 nye år, ved grensa mellom Modalen og Evanger herad. I 1920 kom dei i gang att, og vegen kom forbi Bergo i 1924. Mellom Bergo til Nesheim tok det tre nye år. I 1928 var vegen heilt framme i tuna på Nesheim. I 1935 kom vegen fram til Brakestad og i 1939 til Nordalsbrua ovanfor Trefall. Der vart vegarbeidet ståande til krigen var slutt i 1945.
Først i 1959 var vegen ferdig heilt fram til Gullbrå.
Det tok heile 71 år før det var veg frå Eidsland og heilt til Gullbrå. Vegen kom til Flatekval mellom 1890 og 1894, så dei venta nokre år med festen!