Museum
Info

1900

Ungdomslagsstemne på Voss

Deltakarar frå ungdomslaget Fjellbuen, som var ungdomslaget i øvre Eksingedalen.

(Foto: Frå Fylkesarkivet i Vestland)


I øvre Eksingedalen vart det skipa ungdomslag i 1896. Gardane som på den tida høyrde til Evanger Herad, frå Fosse, Bindingsbø, Bergo, Nesheim, Brakestad, Trefall, Ekse og Gullbrå, var området for dette ungdomslaget. Forteljingar om oppstarten av ungdomslaget i øvre Eksingedalen er skrive ned av Lars N. Nesheim (1902–95) og Knut H. Bergo (1890–1979).

Bakre rekkje: Sjur L. Nesheim Hovda, Ingebrikt L. Nesheim, Nils K. Brakestad, Rødland, Nils L. Nesheim, Brynjulf K. Brakestad, Knut K. Brakestad, Palmafossen.

Andre rekkje: Ingebjørg L. Gullbrå (Akselberg), Anna J. Nesheim (Lavik), Brita J. Nesheim (Rødland), Olina K. Bergo (Fjellanger), Synneva K. Bergo, Ragnhild S. Gullbrå (Ekse).

Tredje rekkja: Kristi Brakestad, lærar Rasmus Nordvik, Gjørid Brakestad, Ragnhild K. Brakestad, Lars J. Nesheim, Dordei O. Fosse.

Fjerde rekkja: Helge J. Nesheim og Nils K. Bergo.

Lars Nesheim fortel i dagboka si at det vart skipa ungdomslag her i 1896:

Dei kom saman og skipa ungdomslag her i dalen, frå Fosse til Gullbrå. Prov på det finn ein i brevbyte mellom to systre. Den eine reiste til Bergen og livde der, og den andre vart verande heime og hjelpte foreldra med garden – og seinare broren som fekk garden. Ho som var heime skreiv: «I dag fore Brakestadgutane ned til Bergo å vilde skipa Ungdomslag, men her er so mykje religiøse folk i dalen. Han far likte det ikkje.» Denne faren var styremedlem i Evanger Indremisjonsforening og var visst leiar for møteverksemda deira her i dalen.

Dei to systrene til Lars var Brita Nesheim (1872–1955) som skreiv brev til Begga Nesheim (1875–1953). Knut Bergo fortel mykje det same i dagboka si, han trekkjer i tillegg trådar tilbake til nasjonalromantikken og folkehøgskulane:

Det var i nasjonalromantikken si tid, og det var store ungdomsflokkar i dalen. Fleire av medlemmane hadde gått på skule utanfor bygda. Helge Bergo (1864–1925) og Nils Nesheim (1868–1955) hadde gått på Sogndal folkehøgskule og Brynjulf Brakestad (1873–1957) hadde gått på Hambro sin folkehøgskule på Garnes. Skipingsmøtet vart halde i stova til Helge Bergo. Brynjulv Brakestad vart vald til formann i laget. Seinare møttest dei til medlemsmøte heime hjå kvarandre, om lag ein gong i månaden.

Møteboka til ungdomslaget kalla dei i starten for “Forhandlingsbok for ungdomslaget”. Om skipinga står det at det første møtet vart halde på Bergo 12. juli 1896. Her fortel dei om oppgåva til ungdomslaget:

Ungdomslagene hadde sin første oppgave i at virke oppdragende på ungdommen. Først igjennom fornoielsene. De kunde ledes i et sundere spor i ungdomslag, hvor man kunde more sig i en anstendig og verdig maade end, som det ofte hender, ungdommen maatte bruge natten for at faa fornoielser i stand. Ungdomslagene var også bestemte paa, at ungdommen kunne faa udvikle sine evner, søge kunnskab gjennem læsning af gode bøger, samt samtale om spørgmaal som er oppe i tiden.

Neste møte heldt dei på Nesheim, der Brynjulf Brakestad innleia om “ungdomsfornoielser”. Lagsbladet Fjellguten kom dei fort i gang med, første utgåve er frå januar 1987. Same månad skipa dei til fest på Bergo. Mellom 30 og 40 menneske møtte opp frå gardane frå Fosse til Brakestad. Kvar festen vart halde står det ikkje noko om, det var sannsynlegvis i ei stove på Bergo. Referatet fortel at Nils Nesheim heldt “ein tale for fedrene", og det vart deklamert regler, småstubbar og forteljingar. Det første nummeret av det handskrivne bladet Fjellguten vart lese opp denne kvelden. Festnemnda laga til mat, og det heile varte frå kl. 17 til kl. 3 om natta, med “leik” (folkeviseleik) dei siste tre timane.

Fjellguten nr 1/1897 opnar med eit fint dikt som presenterer kva Fjellguten kan innehalda og kven som kan skriva i lagsbladet, deretter ein tekst som ønskjer Fjellguten velkommen. Både diktet og teksten fortel om ei forventning til at Fjellguten skal gjera livet rikare og rausare.

↑ Den første utgåva av lagsbladet Fjellguten.
← Tilbake til museum