Museum
Info

1858 – 1914

Nils Nygaard

Lærar, levande oppteken av bøker og opplysning. Skipa Bogforeningen i Flatekvals sogn i 1881. Bokforeininga var forløparen til ungdomslaget Dølalaget. Utan oppstart av bokforeininga hadde Ljosheim neppe vore bygd.

Nils Nygaard (1858 – 1914), fødd på Nygard i Modalen, var ung lærar i bygda. Han inviterte til møte 27.november 1881, og Bogforeningen i Flatekvals sogn vart skipa. Føremålet med laget var å fremja lære og arbeidshug hjå alle, helst ungdommen, gjennom opplesing, foredrag og utlån av gode bøker. Dei ville kveikja fedrelandskjærleiken og fremja kjennskapen til soga og bokavlen. Nygaard var overtydd om at bøker var kjelda til opplysning og kunnskap. Han ville difor skaffa ungdommen sunn og god lesnad i tillegg til det religiøse. Nils Nygaard var nyleg komme attende som lærar til bygda. Han hadde no teke formell utdanning som lærar ved Stord Seminarium. Nils hadde vore lærar i dalen tidlegare. Han kjente bygdefolket godt og han heldt svært mykje av både bygd og folk, særleg ungdommen.

← Tilbake til museum