Museum
Info

1862 – 1945

Katharina Saltnes

Handverkar, kunstnar og livsmeistrar. Katharina har skore ut dei to trerammene, drikkehornet og tretavlene som heng over scena. Ramma med bilete av Katharina er skore i japansk eik, den andre ramma er skore i bjørk.

Tidleg på nittenhundretalet flytta ei kvinne frå Saltnes i Lindås til Eksingedalen. Då ho drog tilbake til heimbygda si nokre få år seinare, hadde ho tilført dalen impulsar og skapt kunstskattar som me i ettertid kan gle oss over. Kven var denne kvinna? Korleis levde ho? Kvifor kom ho til Eksingedalen og kva vart til slutt lagnaden hennar?

Med oddsa imot seg

Katharina Saltnes vart fødd på garden Saltnes i Lindås i 1862. Foreldra hennar var Olina Pedersdotter og Nils Ingebrigtsen Saltnes. På mange vis fekk Katharina ein vanskeleg barndom. Ho mista mor si berre sju månader gamal. Då ho var i fireårsalderen fekk ho poliomyelitt. Særleg venstrefoten hennar vart skada så ho fekk vanskar med å gå, og ho måtte etter kvart hjelpa seg med krykkjer for å kunne komma seg fram.

I ei tid då det var dårleg med offentlege kommunikasjonsmidlar førte dette til at det vart lite skulegang for henne. Og seinare, etter at ho vart konfirmert av prost Hveding i 1877 og året etter ønskte å ta seg arbeid som lærarinne, var motstanden massiv mot at ei kvinne skulle få ei slik stilling. Men trass i dårlege odds klarte ho seg! Katharina hadde eit godt hovud, og skaffa seg kunnskapen ho trong ved å lesa heime. Ho hadde god støtte i prost Hveding som var ein ivrig forkjempar for ålmennskule og folkeopplysning. Stillinga som lærarinne i småskulen blei innvilga og ho vart den første kvinnelege læraren i Lindås prestegjeld, berre 16 år gamal.

Verketrong og skaparglede

Alt som lita jente kom dei skapande evnene fram i Katharina. Også evna til å finne løysingar på praktiske problem. Far hennar var snikkar og noko av skaparevna hadde kan hende si rot der. I alle høve fann ho alltid eit emne å forma og ein reiskap å skjera med. At ho også hadde humoristisk sans, kom tydeleg fram då ho som fjortenåring, under konfirmantundervisninga, vart inspirert til å laga eit portrettrelieff av prost Hveding. Emne fann ho, men ikkje kniv. Den saka løyste ho ved å bruka ein avbroten ljå. Og då prosten for første gong fekk sjå resultatet, meinte han at dette portrettet ikkje var så pent. Men då svarte Katharina at det nok skuldast at originalen ikkje var så pen, han heller!

Bergen – Hardanger – Kristiania

Etter tida som omgangsskulelærar i Lindås sette faren Katharina i skreddarlære. Han meinte nok at for ein krøpling som henne var dette beste måten å skaffa seg eit yrke og ei inntekt. Ho fekk òg plass på eit jentekurs på Nordhordland Amtsskule, der ho fekk opplæring i saum, veving og treskjering. Men Katharina ville noko meir! Og med hjelp av eit stipend, kom ho seg til Bergen der ho tok eit 2-årig teiknekurs på den tekniske kveldsskulen.

Me er no midt i 1880-åra. På denne tida, då Noreg framleis var på vegen mot å bli ein fri og sjølvstendig nasjon, var interessa for norske handverkstradisjonar og gamle norske kunstskattar aukande. Dei gamle stavkyrkjene, kjende for sin drakestil og dyreornamentikk, vart for mange sjølve symbolet på det særnorske. Ikkje minst blant treskjerarane på Vestlandet vart dette ein viktig motivasjonsfaktor. Hardingen Lars Kinsarvik var ein av desse, og nettopp han skulle bli førande for attfødinga av den norske folkekunsten. Han henta motiv frå den gamle kulturarven og brukte både norrøn ornamentikk og figurar frå eventyrverda på ein original og fabulerande måte i arbeida sine. For Katharina, som heilt ifrå ho var lita hadde spikka og forma i tre, var nok kjennskapen til Lars Kinsarvik viktig då ho i 1886 valde å dra vidare frå Bergen til treskjerarskulen i Hardanger, der han var
lærar. På treskjerarskulen vart ho lærlingen hans dei to påfølgjande åra, og ein kan tenkja seg at påverknaden frå han har vore viktig for den stilretninga ho seinare valde i eigne arbeid.

Etter læretida i Hardanger, gjekk ferda vidare for Katharina. Ho hadde søkt, og fått innvilga, støtte til vidare skulegang, mellom anna frå eit legat for vanføre. Dette gjorde det mogeleg å setje kursen mot Kristiania, der ho byrja på Statens Kunst- og Handverksskule. Ho var no nærare 30 år gamal. På kunsthandverksskulen fekk ho impulsar som skulle bli avgjerande for henne i den vidare utviklinga som skapande kunstnar. Ho byrja modellere, oppmuntra av bilethoggar Matias Skeibrok og gjekk no vidare frå treskjering til hogging i marmor.

I slott og ministerbustad

Katharina Saltnes kom frå enkle kår, men ikkje minst takka vera stipend- og legatmidlar og eit ukueleg pågangsmot greidde ho å nå målet om å komma ut i den store verda. Dei fire åra i Kristiania hadde mogna henne, og no lokka større mål: Sverige og Stockholm! I den svenske hovudstaden hadde ho, for eitt år, fått plass på Den Tekniske Skolen. Då det var ei stor utstilling i byen same året, tok Katharina sjansen på å delta med ein utskoren ølbolle i tre. Denne vart lagd merke til av den norske ministeren i Sverige, Minister Gram, og vart seinare kjøpt av svenskekongen, Oscar II. I Stockholm fekk Katharina også oppleva noko ho seinare i livet skulle minnast: ein invitasjon frå sjølvaste Oscar II til vitjing på slottet! Men stipendmidlane rakk ikkje alltid til. Då kom minister Gram og kona hans til unnsetning og baud henne gratis opphald i statsministerheimen. Dei hjelpte henne også med reisepengar då ho i 1898 vende tilbake til heimlandet.

Frå gard til gard

Kvinna som seinhaustes 1900 kom frå Lindås
til Eksingedalen og slo seg ned der i nokre år, var ei kvinne midt i livet. Kunnskapen og erfaringane ho hadde fått gjennom mange år, kunne ho no bruka i samhandling med innbyggjarane i dalen.

Etter det som vart fortalt, budde Katharina Saltnes på fleire gardar i perioden 1900- 1902. Først på Flatekvål, bruk 1, hos Johannes Johannesson Flatekvål og kona hans, Anna Knutsdotter Vetlejord. Dette vert stadfest i folketeljinga frå 1900 der Katharina står oppført som treskjærerske. Ho budde der også mot slutten av 1901 etter først å ha opphalde seg ei tid på Vetlejord, bruk 2, hos Olav Monsson Vetlejord. Katharina budde også på Høvik, bruk 4, hos Rasmus Johannesson Høvik. Mennene på desse gardane kjende kvarandre, og det kan vere ein av grunnane til at det var nettopp på desse gardane ho slo seg ned. Det er sagt at Katharina vende tilbake til Flatekvål i 1902 og vart der ein stund før ho same året drog tilbake til Lindås for godt.

Med saum og treskjering som betalingsmiddel

På gardane tok Katharina ulike typar oppdrag, mot kost og losji. Ho var dyktig i fleire typar handarbeid, gjorde både nyttesaum og kvitsaum, og sauma mellom anna skaut til bunader. Ho hogg òg ut portrett i marmor og tavler i kalkstein. Men det var treskjerarkunsten ho i hovudsak livnærte seg av. Rammer til bilete og speil, syskrin og pynteskrin, ølkrus og drikkehorn, skåp og møblar og tretavler, m.a. «Håvamål»-tavla som no heng i Ljosheim. Alt ho skapte var påverka av stilen til Lars Kinsarvik, men likevel med hennar eige sjølvstendige uttrykk.

I mange av arbeida hennar er motiva henta frå norsk historie eller er scener frå saga, segner og eventyr. Berit Vetlejord fortel i eit kapittel i boka Katharina Saltnes. For de uberømte at dei vaksne, då ho sjølv var barn, ofte snakka om Katharina. At ho hadde vore ufør og fattig og måtte reisa rundt på gardane og sy og skjera i tre for å brødfø seg. Berit meinte å hugsa at dei òg fortalde at Katharina ofte sat på golvet og arbeidde. Men ho visste ikkje om ho kunne stole på minnet sitt der.

Noko som særleg gjorde inntrykk på Berit Vetlejord då ho var lita, var ein liten benk Katharina hadde laga. På eine benkesida var det skore ut ein slange og ein drake med venger som bukta seg, og på toppen to glefsande drakehovud. Både nifst og spennande for ei lita jente! Også plata i marmor med Elias Blix hoggen ut på eine sida og Camilla Collett på andre. Denne var så glatt og fin å ta på og gjorde inntrykk på henne. Berit Vetlejord hugsa òg godt det store drikkehornet som onkelen til far hennar, Sigmund Monsson Lillejord, i si tid gav til ungdomshuset Ljosheim.

Som før nemnt var det treskjering Katharina dreiv mest med då ho budde i Eksingedalen. Arbeida hennar må ha gjort inntrykk, for vi veit at ho heldt kurs i treskjering for folk frå dalen. Ein av dei var Andreas Nilsson Høvik, fødd på Høvik, bruk 1, i 1885. 15–16 år gamal gjekk han i lære hos Katharina før han seinare vart elev ved Vestlandske Kunstindustrimuseums Snedker – og Treskjærerskole på Voss. Inspirert av Katharina og arbeida hennar, skar Andreas seinare ut mykje av treskurden ein no finn i Ljosheim.

Kvifor Eksingedalen?

Då opphaldet i dalen vart avslutta i 1902, vende Katharina tilbake til Lindås. Kvifor ho i desse åra hadde valt å bu i Eksingedalen veit vi ikkje sikkert. Men Katharina var 38 år gamal då ho kom, hadde skrantande helse, truleg grunna seinskadar etter poliomyelitt, og var tidlegare «lagd på jorda» på heimegarden Saltnes og utan særleg inntekt. Stipendmidlane var det òg slutt på, så mykje av grunnen var nok rett og slett å klare seg økonomisk. Men kvifor akkurat Eksingedalen? Kjende ho nokon der?

Det er grunn til å tru at ho mellom andre kjende Maria Vetlejord, syster til Anna Knutsdotter Vetlejord, gift med klokkaren på Flatekvål. Maria gjekk på Amtsskulen på Lindås året etter Katharina og vart seinare gift til Holmås.

Då Katharina kom til Flatekvål var ungdomshuset Ljosheim nybygd, og ein heldt på med utsmykkinga av bygget. Anna K. Flatekvål, som hadde gått på Frölichs husflidskule i Oslo, var ei av bidragsytarane og vov tekstilar til huset. Ein kan tenkja at det med Katharina sin bakgrunn kunne vore interessant for henne å vera i eit bygdemiljø der ho kunne finna likesinna, som heldt historia og handverkstradisjonane i hevd.

Epilog

Katharina Saltnes døydde på garden Skjergje i Lindås 11. mai 1945. Mange av gjenstandane ho hadde laga under opphaldet i Eksingedalen vart tekne vare på på gardane i dalen. Ein del av dei vart seinare flytta ut av dalen gjennom skifte og finst no andre stader. Men minna om henne bleikna som tida gjekk, og ho vart til slutt nesten gløymd – heilt til statsarkivar Yngve Nedrebø i 1999 tok kontakt med folk som kjende til Katharina Saltnes, mellom andre Åse Eikemo Straume, Berit Vetlejord frå Eksingedalen, og Asbjørn Åsgard frå Lindås. Dermed var arbeidet i gang med å gje Katharina Saltnes den plassen i lokalhistoria og bygdekunsthistoria som ho fortener.

Arbeidet gav resultat: forutan mykje merksemd og omtale i media, kom utgjevinga av boka Katharina Saltnes. For de uberømte (2001), som denne framstellinga byggjer på. Det kom òg ei stor utstilling av arbeid frå hennar hand på Hordamuseet på Stend i 2001, og ikkje å gløyme: prosjektet «Katharina Saltnes» som vart gjennomført av ungdomsskuleelevane ved Eksingedalen skule og avslutta med ein stor kulturkveld for heile bygda 21. juni 2000.

Slik vart både bygdemennesket og kunstnaren Katharina Saltnes levandegjort. Og Ljosheim er ein stad der vi kan komma henne i møte gjennom nokre av dei unike gjenstandane ho skapte under opphaldet i Eksingedalen.

← Tilbake til museum