Museum
Info

1856 – 1929

Johannes Lavik

Bondestudent i Oslo, filolog, avismann og nynorskforkjempar. Flytta til USA i 1878, var lærar og studerte gresk og historie. Grunnla avisa Gula Tidend i 1904, var med å danna Noregs Mållag i 1906. Var redaktør for fleire aviser og tidsskrift.

Johannes Lavik (1856 – 1929) var nummer tre i syskenflokken frå Lavik. Han var filolog, avismann og nynorskforkjempar. Han flytta til USA i 1878 og var lærar på Augsburg presteseminar i Minneapolis. Han studerte gresk og historie i Minnesota, og tok filologisk embetseksamen i Kristiania i 1882 - 1886. Han dreiv «Studentfabrikken» på Voss 1880 - 1890, deretter redaktør i Firda 1890 - 1893 og redaksjonssekretær i Bergens Tidende 1894 – 1904. I 1904 grunnla han Gula Tidend og vart redaktør der til 1919. Han var ivrig nynorskforkjempar og var med å danna Noregs Mållag i 1906. Han var god i fransk og engelsk og var m.a. korrespondent for fleire aviser under Versailles-konferansen i Paris i 1919. I perioden 1921 – 1927 var han redaktør for Norges bondeblad, og frå 1927 redaktør for tidsskriftet Norrøna.

Johannes budde i Bergen.
Dei seks syskena frå Ridnatunet på Lavik har alle si særeigne soge. Ulike interesser og personlegdom trekte dei i ulike retningar.
Andres 1852 – 1941
Andreas 1854 – 1918
Johannes 1856 – 1929
Johan 1858 – 1932
Dore (Dorotheus) 1863 – 1908
Maria 1865 – 1901

Foreldra var:
Johannes Anderson Lavik (1823 – 1887), Kari Kyte frå Voss (1820 – 1907)

← Tilbake til museum