Ljosheim vart sett opp våren 1897 og teke i bruk same sommaren. Husteikningane av Ljosheim er teikna av Hans M. Lillejord. Biletet er det første som er funne av ungdomshuset Ljosheim.
Kjemiingeniør Hans Lillejord frå Vetlejord stod for arkitektoppgåva. Han teikna huset med storsal, takstolar, galleri, kjøkken og kjellar. Byggjekomitéen forkasta vesentlege delar av utforminga. Dei var redde det vart for dyrt. Dei gjorde også om på teikningane utan å konferera med arkitekten, slik at det vart storsal med liten kjøkkenkrok og ein takstol. Hans Lillejord vart mykje harm over dette, i Dølen nr 4, frå april 1897, har han skrive ei lang klage til byggjekomitéen.
Huset tatt i bruk sommaren 1897
Det er ingen tvil om at Hans Lillejord var svært fornærma over lagnaden som teikn-
ingane hans fekk, og det argumenterer han godt for. I tillegg til harmen over den endra utforminga hadde han også rekna ut at ved å fylgja hans teikningar ville ungdomshuset verta billegare enn om dei bygde etter komiteen sine forandringar:
Dei kunde akurat lika billigt og lika lett fengje ein verkeleg presentabel ungdomshall, men dei vilde ikkje.
…..I paaskehelga tok eg meg ein sviptur heim – serleg i den hensigt aa sjaa om det endå kunde lata seg aa faa komiteen til aa forandre planen sin.
Eg kom for seint. Bygningen var alt komen so longt, at det fyrste som maatte gjerast – i tilfelle planen skulle forandrast – var aa riva nedatt ein del av det, som var uppbygt. Og daa fekk det heller vera.
Til slutt vart huset reist våren 1897. Trass i heftige diskusjonar i Dølen i åra 96/97 om kor vidt det skulle vera kjellar, kjøkken og galleri i huset, vart det reist eit stort, ope rom med ein liten kjøkkenkrok og ei fast scene.
Det vert også fortalt at folk kunne kjøpa seg fri frå dugnadsarbeid. Dersom ein person var skuldig pengar på butikken, kunne ein annan som hadde pengar betala denne gjelda, mot at skuldnaren arbeidde på Ljosheim for han.
Ungdomshuset vart straks teke i bruk. På biletet frå den store vegafesten i 1897 ser ein det splitter nye ungdomshuset i bakgrunnen. Når ein samanliknar med originalteikningane ser ein at mykje av dekoren og utsmykkingane utvendig manglar.
Golvet var så vidt lagt då jentene skreiv i Dølen om uroa si på grunn av all snusspyttinga på golv og vegger. Det var utriveleg å vaska, og dei ville at formennene i dei ulike laga som brukte huset skulle forby medlemmane sine å spytta inne.
Ungdomslaget Dølalaget vart stifta andre joledag 1897. Dei laga vedtekter og stod for drifta av huset dei fyrste åra. Alt på stiftingsmøtet i 1897 vart det bestemt at Ljosheim skulle vera sokna sitt hus, og dei laga vedtekter for dette.
Sjølv om dei hadde fått opp hus, var det ikkje så mykje inni det. Det tok lang tid før dei fekk nok koppar og kar. Når dei skulle ha fest, gjekk dei rundt på Flatekval og lånte ein kopp her og ei skei der til dei hadde nok.
I 1903 hadde dei vedkomfyr, nokre kjelar og kanner, og valde seg ein kjøkkenstyrar. I 1924 kunne dei kjøpa inn det første dekketøyet med laget sitt namn. Då dei hadde fått det i hus, sette dei opp reglar for bruken. Om andre lag lånte kjøkkenutstyret, laut dei betala leiga.
Huset har seinare vore gjennom mange omvøler og påbygg. Heile soga om Ljosheim er å finna i boka Drivkraft, som vart gjeve ut ved 125-årsjubiléet.