Bondekone og husflidsutdanna. Anna har sett sitt preg på interiøret i Ljosheim gjennom sine vakre vevnader. Innramminga er detalj frå det første sceneteppet til Ljosheim. Åkleda som heng i takstolen er dei originale.
Det første sceneteppet til Ljosheim var raudt med mønsterremser til pynt. Seks breidder av mønsterborda var sydde saman til ei lang remse. Borda var montert inn langt nede på teppet, med raudt stoff over og under. Sceneteppet vart heist oppover, og mønsteret var synleg også når teppet var heist opp. I tillegg var det to smalare teppe, eit på kvar side av sceneopninga. Desse hadde også mønsterbord nedst.
Det var att seks vevnader med mønsterbord, ei av dei er ramma inn i Ljosheim, dei andre fem er teke vare på ved Osterøy museum.
Marta Kløve Juuhl ved Osterøy museum seier dette om mønsteret: Renninga er av kjøpt bomullsgarn, som var komme i handel på den tida. Dette garnet vart raskt populært fordi det var mjukare og lettare å arbeida med enn linrenning. I borda er det òg brukt kjøpegarn, tynt ullgarn, til innslag. Mønsterrapportane kallar ein for «tavlebragd». Denne borda var populær på slutten av 1800-talet, den var litt meir utvikla og hadde eit lettare uttrykk enn tidlegare mønster. På kvar kant av bordene ser ein restar av sjølve sceneteppet. Dette einsfarga raude har innslag av heimaspunne og heimafarga ullgarn. Vevnaden er einskjefta, lerretsbinding.
Anna Flatekval vov også dei første gardinene til Ljosheim.
Anna var fødd på Vetlejord, og ho var nummer fem i ein syskenflokk på sju. Ho måtte tidleg læra seg å arbeida, slik det var for borna på den tida. Likevel fekk ho gå eit år på Garnes ungdomsskule. Ho var kjend for å vera ei driftig dame. Ho var flink med hendene, og deltok på eit vevkurs bygda arrangerte våren 1897. Kurslærar var Malina Mjøs frå Radøy. Anna ville læra meir, og gjekk på familien Frølichs husflidsskule i Ljan i Oslo like før ho gifte seg september 1898. Dei fyrste husflidsskulane vart skipa alt i 1870-åra i privat regi, og H.K. Frølich la vekt på nyttehusflid, og det var reint praktiske skular for gutar i starten. Ekteparet Harald og Jonine Frølich etablerte i 1891 Norsk Husflidskole i styrarbustaden til Liadalens Krudtværk. Her underviste dei i generelle husflidsteknikkar som trearbeid, sløyd, broderi og vev. Anna lærde seg plantefarging i tillegg til veving, og dette nytta ho sidan i eigne produkt då ho vart gardskone. Ho kjøpte ufarga garn frå Salhus og Rauma og farga det sjølv. Plantefargeutstyret hennar er teke vare på av etterkomarar.
Anna vov dei fyrste sceneteppa i Ljosheim, og dei første gardinene i gamlesalen. Dottera Dagny vov det andre gardinsettet seinare. Anna har òg vove dei to åkleda som enno heng oppi takstolane i gamlesalen i Ljosheim, mykje av det med plantefargar som ho ordna sjølv.
Anna gifta seg i september 1898 med lærar og gardbrukar Johannes Johannesson Flatekval (1869–1950). Dei fekk 12 born i løpet av åra 1899–1925, så Anna fekk god bruk for kunnskapane sine i husflid, og det kom vel med at ho var både nevenyttig og arbeidsam.
Det er teke vare på delar av sceneteppa hennar, og åkleda oppunder takstolane kan me beundra den dag i dag.
Stor takk til Anna!