Museum
Info

1852 – 1941

Andres Lavik

Pådrivar for bygging av både kyrkje, ungdomshus og veg. Bonde på Lavik, politikar, ordførar og Stortingsmann.

Andres Lavik (1852 – 1941) var den eldste av syskenflokken, og vart bonde heime på Lavik. Dei fire brørne til Andres, Andreas, Johannes, Johan og Dore forlét Lavik og var i ein periode «bondestudentar» i Kristiania i 1870- og 1880-åra. Det var ein periode i norsk historie som var prega av store politiske, sosiale og kulturelle brytningar. Heime frå Lavik fekk dei brev frå eldste bror, Andres, med formaningar både av materiell og åndeleg art. Han ville nok gjerne følgja med dei og fekk gjennom brørne høyra og lesa om tankar i tida.

Andres var engasjert i bygda. Han var stod i fremste rekkje for bygging av kyrkja på Flatekval (1881 - 1883), og vart etter det aktiv i bygging av ungdomshuset Ljosheim. Han var òg ivrig i arbeidet for å få køyreveg i Eksingedalen. I 1888 vart han vald inn i heradsstyret i Hosanger, og i 1910 vart han den første ordføraren i nye Modalen herad (1910 – 1913).

Andres var Stortingsmann for Venstre for Søndre Bergenhus amt i åra 1898 – 1901, der han var medlem av kontrollkomitéen. På Stortinget gjekk han «vadmålskledd og var oppteken av gamal heimaskikk» og «skjemdes ikkje av å vera bonde eller eksingadøl».

Andres var ivrig målmann, og ein av initiativtakarane til framlegget om diktarløn til Arne Garborg.

← Tilbake til museum