Andreas Høvik (1885-1964) var frå Høvik i Eksingedalen, og han er ein av dei som har smykka ut Ljosheim. Han har laga dragehovuda som prydar takstolen i Storesalen, og det skal vera han som har laga dekorasjonane på det store bokskåpet som står i Vetlesalen. Han har også laga fleire trerammer, inspirert av Katharina Saltnes.
Andreas Høvik starta i lære hos Katharina Saltnes då han var i 15-16 årsalderen. Han hadde eit stort talent, og vart inspirert av henne til å gå vidare og læra meir. Han heldt fram i lære i tre år hos Magnus Dagestad på Voss før han drog vidare til Kunsthandverksskulane i Bergen og deretter i København. Han var også kjent som spelemann og felemakar, og skal ha laga meir enn 100 hardingfeler. Ei av felene er utstilt på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Han var ofte spelemann i bryllaup.
Andreas fekk ikkje lov å spela fele heime i ungdommen, fela var sett på som eit «ukristeleg» instrument. Han gjekk ut i skogen når han ville spela, og ein gong han sat oppi lia og spelte var det ei jente som høyrde han og gjekk etter lyden til ho møtte han. Jenta var frå København og heitte Bertha. Bertha var guvernante hos ein velståande familie som var i Eksingedalen for å fiska laks i Ekso. Det vart romantikk mellom dei to, og Andreas og Bertha gifta seg. Dei fekk ingen born, og Bertha døydde berre 57 år gammal. Andreas var aktiv i Den danske foreningen, og der trefte han seinare Mary som også var dansk, og ho vart andre kona hans. Ho var 20 år yngre enn han, og dei fekk to born då Andreas var nær 60 år.
Andreas Høvik var i mange år treskjærarmeister ved Møbelfirmaet Christian Knag i Bergen, og var leiar for treskjærarane der fram til 1950-åra. Treskjærarane hadde høg status i verkstaden, med lang utdanningsveg. Hos Knag arbeidde fleire av dei aller beste og mest kjende treskjærarane i landet, mellom dei Andreas Høvik. Andreas Høvik var ein smålåten mann. Han fødd med leppe/ganespalte, noko det ikkje var behandling for den gongen. Han var mykje plaga med dette opp gjennom livet, men nådde langt med kunsten og handtverket sitt. Knag ville innstille Andreas Høvik til Kongens fortenestemedalje , men han ynskje sjølv ikkje dette.
Kjelde: Eva- May Gjerstad f 1944, dotter til Andreas Høvik.